gå rundt som eit tre


du skal få eit nytt namn på ein stein

eller på ein stokk

eit namn du kjenner

eller kjenner igjen då

men som ingen anar noko om no


no viser det ugripelege seg

ein kan ikkje halda vatn

eller sollys

fast i handa si


med mindre ein er eit tre eller ei planta

som veks med sola

og kastar skuggar på stokken

som ei skrift

i ei spegling som står stille

mens alt rører seg rundt det


eg ser mennesker

eg skimtar nokon som går rundt

og liknar tre

seier den blinde

som aldri har sett før


sjå teikn på meining

i det som lever

som ser gjennom deg

i ei spegling som rører seg

og set deg saman

gjennom eit tomrom