Verdensbilder frå Ytterøy
Serie collagar til Ytterøy skole og samfunnshus, Levanger kommune. 2021-23.
I spranget mellom individ og art, augeblikk og æva, person og samfunn, plante og kretsløp, menneske og verdsrom, pust og fotosyntesen, har eg laga collagar der eg freistar å gjera store tankar og modellar lokale og gjenkjennbare for folket på Ytterøy. Eg har kopla usynlege forhold og modellar til konkrete bilder frå øya, ikkje for å illustrera noko, men for å laga kunst til den nye skulen og samfunnshuset der.
Collagane er baserte på foto som kun er tekne på staden, dei fleste av den lokale fotografen Fritz Nordberg. Dei er poetiske framstillingar av myter og eventyr, strukturar i språk og naturlege kretsløp, som karbonkretsløpet og fotosyntesen. Verdensbilda frå Ytterøy er ikkje modellar der ting står tydeleg kvar for seg, men framstillingar av at elementa veks i kvarandre, opnar seg og rører seg i lag. I min prosess vaks kunstverka ut av ting og forhold på øya saman med abstrakt kunnskap eller verdensbilder. Collagane viser ikkje kva dei tek utgangspunkt i på ein logisk måte, men på ein poetisk måte.
Hanen og katten og reven (eventyr)
Randi Nygård 2022, collage, 69,4*78,4 cm
Landskap i dyr og barn (fotosyntesen)
Randi Nygård 2022, collage, 35,3*48,5 cm
Føtter og røtter (rim)
Randi Nygård 2021, collage, 60,8*74,5cm
Tre kan laga skyer (nedbryting og oppbygging)
Randi Nygård 2021, collage, 71,3*51 cm
Livets tre
Randi Nygård 2022, collage, 111,7*140,7 cm
Liv og død (karbonkretsløpet)
Randi Nygård 2021, collage, 46,8*90,8 cm
Bølge gjennom veg, sjøstjerne, tre, brygge, strømkabel
Randi Nygård 2021, collage, 32,6*28 cm
Jakt (Rådyr flyr og syr i myr)
Randi Nygård 2024, collage, 35,8 * 36,4 cm
Verdensbygging
Book published by LevArText 2025Redaktør / Editor: Marianne ZamecznikDesign: Joana Bruno / SMØR PressOmslag/Cover: Randi NygårdOversettelse til norsk / Translation to Norwegian: Anna-Karin StjernlöfEngelsk korrektur / English Proof reading: Simon HarveyNorsk korrektur / Norwegian Proofreading: Tove-Lill Karlsen & Marita Kråkevik NygårdForlag / Publisher : Anne-Gro Erikstad, LevArtTextTrykk / Printer: Livonia Print, Latvia.Papir/Paper: 120 gr IQ print og 290 gr Metsaboard Prime FBB BrightOpplag / Edition: 400Sider /Pages: 128ISBN 978-82-693933-0-9 
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
             
            