Ei stor, skiten lunge
Randi Nygård og Karolin Tampere
Del av Kompleksitetens apostel i Vagant
I 2014 var Bruno Latour og Karolin Tampere på tur med forskningsprosjektet Ensayos i Tierra del Fuego. Etter opphaldet flaug dei saman over isbreane i Patagonia tilbake til Santiago de Chile, og Latour sa: «Tenk, nett no bidreg vi til at dei breane vi ser, smeltar.» Så snakka han om omgrepet «feedback loop». Det å skada naturen er å skada oss sjølve, sidan mennesket og naturen er uløyseleg samanvevde. Utanfor-posisjonen ein opplever i fly, der vi kan sjå på dei vakre landskapa frå trygg avstand, er ein illusjon.
Som del av prosjektet Ensayos reiste vi, Randi Nygård og Karolin Tampere, nordover i 2015. Ensayos er eit langstidsprosjekt der kunstnarar og forskarar i Chile, Norge, Australia og USA, arbeider med geopolitiske problemstillingar i møte med miljø- og klimakrisa og vart starta av den chilenske kuratoren Camila Marambio i 2011.
Igjen flaug vi over isbrear, til Ny-Ålesund, den nedlagde kolgruvebyen på Svalbard, som no er ein forskningslandsby. Der forskar dei på klima, på atmosfæra si samansetting, havbotnen sin geologi, isen sin historie, endringar i livsformer i luft, is, jord og vatn. Målet med turen var å undersøka isbrear for å representera dei på teateret Nanterre-Amandiers i Paris, under LE THÉÂTRE DES NÉGOCIATIONS – Make it work som Latour og hans studentar ved Sciences Po skulle arrangera i mai 2015. Det var ei iscenesatt simulering av FN sitt klimatoppmøte, COP 21, som skulle finna stad i Paris seinare same året.
På reisa vår nordover las vi ein tekst av Latour om kritiske sonar. Her skriv han at i staden for at éin agent, mennesket, påverkar naturen, er her mange agentar som er blanda saman i vilt ulike kombinasjonar. Vi er mange livsformer som tek del i dei ulike naturlege prosessane ein inngår i. For å forstå samanhengane, må ein knytta kunnskap frå ulike fagfelt til konkrete stadar. Kva liv finst på staden? Og korleis er lovgivinga, jordbruket, forureininga, geologien?
Vi ville finna ut kva ein isbre treng for å eksistera, kva prosessar den er del av, kven den er i samspel med. Og kva språk den uttrykker seg med.
Naturvitarane i Ny-Ålesund snakka overraskande poetisk om miljøet på staden. Vi lærte at isbrear er som store lunger som pustar, dei er fulle av levande mikroorganismar. Vi såg at breane delvis var svarte på grunn av både algar og forureining. Og vi fann eit av språka deira: Om våren ligg det isfjell frå breane og smeltar i sola i og langs fjorden. Det kjem ein høg poppelyd når gamle luftbobler slepp ut av isen. Lufta kan fortelja oss noko om klimaet for fleire tusen år sidan.
Isen verka ikkje så rein, stille og fredeleg lenger.
Randi Nygård er biletkunstnar og bur i Oslo, Karolin Tampere er kurator og kunstnar og busett i Lofoten. Året etterturen til Ny-Ålesund starta dei prosjektet Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet, der §2 i Havressurslova har vore utgangspunkt for ein antologi, ei utstilling og ein serie med foredrag, tverrfaglege samtalar, filmvisningar og vandringar på Kunstnernes Hus i Oslo.