Lukta av furu kan skapa regn

og

Kulturblomen treng eit tråkk (Leveld)

Produsert i samarbeid med Simon Daniel Tegnander Wenzel.

Luktene vart laga spesielt til sommarutstillinga ved Leveld Kunstnartun i samarbeid med Utvlagte Kulturlandskap. Ved CERN fann forskarar i 2014 ut at lukta av furu er med på å danna skyer i atmosfæren. Damp kan ikkje reisa åleine i lufta, og molekyla frå furutrea kan halda damp saman til skyer. Lukta av furu kan skapa regn inneheld mellom anna akkurat det molekylet forskarane har brukt i sine eksperiement, alpha-piene.

Kulturlandskapet er eit av dei mest artsmangfaldige landskapa vi har. Men mange kulturblomar treng eit tråkk i bakken for å få nok lys til å spira, og om dyra er inne og enga vert gjødsla så vert der færre blomar og dermed mindre insekt, og dermed mindre mat for fuglane, i kultulandskapa. Kulturblomen treng eit tråkk er eit sitat frå Ingvild Sundgot i Ål kommune og Utvalgte Kulturlandskap.

Støtta av Kulturdirektoratet.