Randi Nygård
(fødd 1977 i Bergen), bur i Oslo, Master of Fine Art frå Kunstakademiet i Trondheim, NTNU i 2006.
Nygård jobbar ofte med kunstprosjekt der relasjonar eller møter mellom ulike nivå, fag, idear, perspektiv og/eller vesen er sentrale. Det kan vera i collagar av tidsskrift, installasjonar av lagvise speglar inne og ute, miniskogar med bronseskulpturar, eller i prosjekt av meir poetisk-teoretisk art, som den tverrfaglege antologien basert på Havressurslova; Dei Viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet, som ho redigerte i lag med K. Tampere i 2018.
Ho freistar ofte å visualiserer vitskaplege fakta eller hypotesar som kryssar samfunnet med naturen sine krefter og evner. Eksempel kan vera at tida kanskje ikkje berre går men oppstår mellom ting, at isbrear pustar, at tennene våre er linka til evna til å hugsa, at lukta av furutre kan laga skyer, at fuglar er del av våre sosiale rom, at lover kan vera poetiske, at vår livsførsel her fører til at dyr og planter døyr ut i andre verdsdelar og at ord på like stavingar ofte står for ting med likande visuelle former.
I installasjonane hennar blir det flate romleg, det figurative går mot abstraksjon og vitskapen viser det grunnleggande poetiske ved verda. Kunstnaren jobber utifrå eit ønske om å sjå verda på ein meir open men også samanhengande måte.
Nygård har hatt separatutstillingar på mellom anna Kunstverein Springhornhof (Neuenkirchen, Tyskland), YYZ Artists Outlet (Toronto, Canada), Tag Team Studio (Bergen), Leveld kunstnartun, TOKONOMA at MELK (Oslo), Trøndelag Senter for Samtidskunst (Trondheim) og NoPlace (Oslo).
Ho har delteke på ei rekke gruppeutstillingar i inn- og utland mellom anna ved Venezia biennalen, Contemporary Art Center of Thessaloniki, The University of Queensland Art Museum i Australia, Kunstverein Springhornhof i Tyskland, New Museum, New York, Bruce High Quality Foundation, New York, Bomuldsfabriken Kunsthall, Kunstnernes Hus i Oslo, Kunstmuseet KUBE i Ålesund og Museo Nazionale di Sant'Angelo i Roma, i tillegg til QB Gallery, Tromsø Kunstforeining og Fotogalleriet i Oslo.
Nygård har hatt residencyopphald ved W17, Kunstnernes Hus, URRA i Buenos Aires, Argentina og på Nordisk Kunstnarsenter i Dale. Ho er innkjøpt av fleire privat kunstsamlinga i inn- og utland og er representert i Stockholms Laen, Oslo Kommune og Trondheim kommune sine kunstsamlingar. I 2014 mottok ho Statens 5-årig arbeidsstipend og i 2023 fekk ho statens 10-årige arbeidsstipend.
Ho har vore nestleiar i styret for UKS og BO og medlem i stipendkomiteen for billedkunstnarane, ho jobbar også med offentlege kunstoppdrag sist for VOLT i Bergen kommune og til Ytterøy i Levanger kommune.
Nygård er del av fleire internasjonale prosjekt mellom anna MEANDER, Paviljong og Ensayos. Ensayos er eit tverrfagleg prosjekt kor kunstnarar, samfunns- og naturvitarar og filosofar undersøker tema knytta til politisk økologi. Dei hadde residency ved New Museum i New York i 2020 og var med på den chilenske paviljongen ved Venezia Biennalen i 2022.
Nygård er med på eit fleirårig forskningsprosjekt om Kongsbreen og Kronebreen på Svalbard, i lag med glasiologen Jack Kohler frå Polarinstituttet og professor ved AHO Janike Kampevold Larsen.
I lag med Søssa Jørgensen, Geir Tore Holm og Karolin Tampere jobbar Nygård med Ensayo#4, der forvaltning av havet og kystlinja står sentralt. Tampere og Nygård redigert i 2018 ein tverrfagleg antologi som tek utgangspunkt i den norske Havressurslova sin andre paragraf som seier at Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet.