IMG_5105.jpeg
TrestokkRandiNygardweb_4319.jpg

.

IMG_5030.jpeg

Trestokk - (tre, trapp, trinn, trakke, trø, trampe, trykke,
tromme, troll, tralle, trylle / stokk, stamme,
stengel, stilk, stjert, strek, stankelbein, stige, strøk, strå)

Huseby barneskole, Trondheim kommune.

Kunstkonsulentar var Kjersti Berg og Märit Aronsson. 3D- teikning av rekkverk og trapp Hans Christian Skovholt. 3D - print Fellesvekstedet. Betongtrappa er støypt av Tunge Ting. Bronserekkverket er støypt ved Hageland Kunst- og metallstøperi. Epletrea er leverte av Tre-Pro.

Skulpturen består av ein trestokk som ligg under ei trapp i betong med eit rekkverk i bronse og tre epletre.
Trappa minkar frå vanleg størrelse til insekt-størrelse på toppen og svingar mot epletreet bak.
Fotspor er trykte ned i trinna. Dei er frå menneskeføtter, vaksen og born nederst, og så kjem okse, hjort, hund, gås, lam, katt, frosk, mus, spurv og til slutt edderkopp på øverste trinnet.

Utifrå ordet TreStokk, såg eg i ei ordbok for å finna formen på kunsten eg skulle laga. Eg lurte på om ord på St og Tr har noko felles utover at dei begynner på liknande lydar.
I dag reknar ein språka våre som så gamle og utvikla at linken mellom korleis ord høyrest ut og det dei betyr er borte. Eg fann likevel restar av at liknande lydar i ulike ord kan ha same visuelle form eller same bevegelse. Ord på St står ofte for lange og tynne ting, stokk, stolpe, stengel, stilk, stråle, strikk, strand, strømpe osv. Orda på Tr har kanskje ikkje så tydeleg form, men det er noko med å møta eit underlag, støta mot noko anna, bevega seg bortover eller oppover, føtter mot bakken, i orda trapp, trinn, trø, traske, trampe, trakke, trykke, trille, tralle, tromme. Kanskje i trylle og troll også?
Så formen av ei trapp kom utifrå ord på Tr etter tre, og rekkverket har former etter ord på St etter orda stokk, stamme, stilk, stengel, stjert, stige, stankelbein og strøk. Orda er trykte i nedsida av trinna og på sida av trappa, ved rekkverket.

Gamle tre, som ligg og rotnar, er veldig viktige næringsgrunnlag for livet i skogar. Og området bak Huseby skule, der verket står, heiter Skogen. Eg ville gjerne at verket skulle vera til borna, og i tillegg gje noko til dei andre levande vesena her, insekt, dyr og planter. I trestokken kan sopp, mose, larver, biller, humler og bier bu. Over hundre ulike artar insekt kan halda til her, og fleire av dei pollinerer blomar og frukttre. Eit tre løyser seg opp og gir liv til nye vesen, mens epletrea gror og gir frukt.