Jordoverflata hevar seg og vi tek i mot signal frå ein annan galakse 2 / The Earth's Surface is Rising and We Receive a Signal from Another Galaxy 2" 2022, collage, books.

Public comission at Statens Hus in Longyearbyen, Svalbard, KORO.

Isbreen pustar, 2022

Jordoverflata hevar seg og vi tar imot signal frå ein annan galakse 1, 2022

Undersjøisk smeltevatn trekker næring inn i fjordane, 2022

Collage

I ein serie av totalt fire tredimensjonale og ekspressive collagar, som er laga spesielt for Statens Hus i Longyearbyen, har Randi Nygård (f. 1977) brukt såkalla funne materiale, der bøker, oppslagsverk, kart og magasin utgjer råmaterialet. Nye og eldre kunnskapskjelder, som litterære tekstar og kart er skorne og fletta og blitt til voluminøse og skjøre papir-konstellasjonar. Eit skarpt auge vil kunne sjå at collagane kontekstualiserer Svalbard som ein del av ein større heilskap – alt heng saman, også klodens økologiske balanse.

Tekst: KORO

Isbreen pustar, 2022

Collage

Svart karbon dannar skyer, driv i vind og fell til jord (Midtre Lovénbreen) 1, 2 og 3, 2021, frottage, kol på papir.

Dei lågmælte kunstverka kjem frå ein serie kalla isbre-frottagar, og er utvikla under eit av kunstnaren Randi Nygård (f. 1977) sine tverrfaglege forskningsopphald i Ny-Ålesund. I nyansar av svart, kvitt og grått framstiller ho møtet med isbreane på Spitsbergen. Varme hender smurde inn med kol blir strokne mot kvite ark som kviler på den kalde blåisen. Isbre-frottagane blir skapt i eit varsamt møte mellom menneske og eit naturelement på retrett. Når ein først får innblikk i den kunstnariske prosessen, les ein med eitt dei sarte motiva som ei monumental urkraft.

Frottage er ein gammal kunstnarisk teknikk som går ut på å skape eit bilde ved å legge eit papir over ei ru og ujamn overflate og deretter gni papiret med for eksempel ein mjuk blyant eller kol. Føremålet er å overføre konturane, mønstra og relieffa i det underliggande materialet til papiret.

Tekst: KORO

Svart karbon dannar skyer, driv i vind og fell til jord (Midtre Lovénbreen) 1, 2 og 3, 2021, frottage, kol på papir.